15.10.2026
Onsdag fekk Spjelkavik Fotball besøk av Per Gidlund frå Akerakademiet til trenarforum. Balanse mellom trening, kamp og kvile stod på programmet, før trenarane fekk sjå teori omsett til praksis saman med G13.
Samlinga starta innandørs, der Gidlund snakka om korleis ein fornuftig balanse mellom treningar, kampar og kvile legg til rette for utvikling i ungdomsåra. Trening er hovudarenaen for å utvikle ferdigheitene spelarane skal bruke i kamp. Den samla aktiviteten bør bidra til framgang, byggje sjølvtillit og gi glede og motivasjon til eit langt liv i fotballen.

Deretter gjekk turen ut på bana, der G13 deltok i ei praksisøkt med orientering som tema. Spelarane vart utfordra på å skaffe seg oversikt over medspelarar, motspelarar og ledige rom før dei tok imot ballen. Med engasjert rettleiing frå Gidlund fekk både spelarar og trenarar konkrete døme på korleis dette kan trenast i praksis.

Ettermiddagen og kvelden vart avslutta med oppsummering og fotballprat i den nyoppussa Bunkersen.
Vi takkar Per for besøket og for at han delte av erfaringane sine og leia ei lærerik praksisøkt. Takk òg til G13-spelarane, som viste stor innsats og entusiasme framfor eit uvant publikum, og til trenarane som deltok og gjer ein uvurderleg jobb for klubben vår.

Heia Vika!